Våre idretter
Trener
Hemsedal IL fotball sine trenarar skal tilpasse aktivitet til nivå og ferdigheitene til den enkelte spelar. Mestring og utvikling for å halde på flest mogeleg lengst mogeleg. Være eit godt forbilde for spelar og føresette på trening og kamp. Utvikling framfor resultat, oppmuntre til allsidig aktivitet. Ta vare på klubben sitt utstyr og anlegg, og være lojal mot klubben. Bidra til å skapa eit godt samarbeid med foreldregruppa, og møte på arrangement arrangert av klubb og krets. Klubben har alltid siste ordet når det gjeld samarbeid mellom årstrinn, påmelding til serie og cup. Det er nulltoleranse for alkohol og rus når ein representerar klubben.
Henta frå sportsplanen til Hemsedal IL fotball.