Hallingdalsmeisterskap stafett
Forfatter: Endre Ulsaker
04. juni 2022
Hemsedal IL inviterer til Hallingdalsmeisterskap i orientering, stafett laurdag 11. juni kl. 14.00
Vi håpar mange kan vere med, slik at vi får mange lag frå Hemsedal. Gje beskjed til Neil eller Endre eller skriv deg opp på liste på onsdagens treningløp på Tuv. Stafetten går oppe på Torsetåsen, med start ved ei av hyttene nord for Ola Magne Kirkebøen. Det er merka frå moen Camping.
Det er 3 etappar med ulik lengde og vanskegrad. Reglane for kven som kan springe dei ulike etappane finn du under:
1. etappe: 3,5 km (A-nivå)
Med unntak av herrer mellom 19 og 35 år kan alle
springe denne etappen.
2. etappe: 2 km (C-nivå)
Løparane må høyre heime i D/H 10-12, D/H 13-14,
D 15-16, D 35, D/H 50 eller eldre
3. etappe: 5 km (A-nivå)
Alle kan springe denne etappen.
1. og 3. etappe passerer samlingsplass undervegs. Det vil vere gafling.
Meir informasjon i invitasjonen: HM stafett 2022
Utsnitt frå kartet: