Birkebeinerrennet 2023
Forfatter: Halvar Hjelmen
24. mars 2023
Stor gjeng frå Hemsedal på start under årets UngdomsBirken.
Langrennsgruppa reiste til Sjusjøen for å oppleve, delta og heie under årets Birken.
Me leigde oss hytte på Sjusøen, og kom fram i eit forrykande uvær fredags kveld.
Hytta fekk me varm og stemninga var på topp hjå store og små. Laurdag måtte me opp frå morgonen, for planen var å gå 8 km ned til Birkenløypa, og heie på lokale heltar, som Kasper Herland og Guro Jordheim. Strålande sol og vindstille stod i skarp kontrast til været me kom fram i! Så me smurde niste og skar avgarde i Sjusjøen sitt flotte løypenett! Og me rakk fram til løypa før tetgruppa passerte ... nesten.
MEN me fekk heia på Emilie (frå Gol, men me heiar jo på Golingar også!) Guro, Ole, Nils Erik og mange andre. Ein fin rundtur på 18 km vart det, og når me kom på hytta så var ungdommen så slitne at dei berre orka å klatre opp på hyttetaket og hoppe ned att ein 10-15 gonger.
Sundag var me spente. No skulle me prøve oss på UngdomsBirken. 15km frå Sjusjøen til Lillehammer. Over 1500 ungdom mellom 12 og 16 stod på start. Men her var det ein godt trena arrangør. Startfelta reiste klassevis med 10 min mellomrom, så det fungerte bra til tross for over 200stk i nokre av startfelta! Så gjekk deltakarane ei 3km sløyfe på Sjusjøen før dei passerte stadioen og sette kurs for Lillehammer. Me vaksne kasta oss i bilen og rakk då ned til Lillehammer og fekk sett mange av våre eigne komme i mål.
Enstusiasma var stor etter målgang, og sjansen for at dei spreke ungdommane blir å finne i neste års startlitster er stor!
Super innsats av Synne, Sivert, Syver, Eivor, Milo, Syver, Tilde, Eiril og Mari!