[email protected]


Logo
Bli medlem
Våre idretter


Kenjutsu (Sverdkunst)

Custom image

Katori Shinto Ryu byggjer på naturlege, flytande og dynamiske rørsler med våpen, med utgangspunkt i eit tradisjonelt treningssverd av tre (bokken). Ein lærar grunnleggjande stillingar (dachi), sverdteknikkar (kihon), trening med partner (kata), akutt forsvarsteknikkar frå sitjande og ståande stilling (iaijutsu og tachi-ai). Etter kvart bir ein også introdusert til andre våpen som stav – bo og halleberd – naginata. Meditasjon og japansk qi gong er ein naturleg del av treninga.

Katori Shinto Ryu trening hjelper oss å utvikle eit roleg og stødig sinnelag og samstundes evnen til avspente og dermed hurtige og dynamiske kroppsrørsler – særleg når ein møter utfordringer i høgt tempo. Regelmessig trening er bra for både kropp og sinn, og har som mål å realisere det beste i seg som eit medmenneske (jin).

Treningstider

Vi trener på følgjande tider;

Mandagar kl.1800 – kl.1930

Pris;Vaksne kr.600,- pr. halvårUngar; 15 – 17 år kr.300,- pr. halvår.

Klubben

Vi er stolte å vere ein dojo under Kakudokan Norge med Eri Kusano Sensei 7.dan som hovudinstruktør. Me er dermed tilknytta Yuishinkan Sugino dojo i Japan. For meir info. sjå;- https://suginodojo.localinfo.jp/ .

Vi held regelmessige kurs for nybegynnere, men du er velkomen til å ta kontakt og eller prøve treninga når som helst. Kom i løstsittande treningstøy.

For meir info, ta kontakt med Jem Aalstveit 90656407 eller [email protected]

 

Info & Påmelding

Ynskjar du å trene Katori Shinto Ryu? Om du ikkje finn informasjonen du letar etter, send ein e-post. Du kan også ringe Jem Aalstveit Wilson på telefon: 90 65 64 07

Custom image