Karate Frikamp
Karate Frikamp er ein kombinasjon av fitness trening og sjølvforsvar for alle.
Karate Frikamp er trening for alle over 16år i kamp- og sportskonkuransedelen av karate.
Trening startar med kort fellesråd fulgt av oppvarming og uttøying der ein trener individuelt med slag, spark, fallteknikkar, forflytningsrørsler o.l.. Så er det par-arbeid med blokkeringer, avbalanseringsteknikkar, låsninger, kast, m.m. - alltids under kontrollerte forhold
For dei som har litt erfaring og har lyst, kan ein ta ein økt med kontrollert frikamp.
Vi avrunde med nedvarming, avspenning og kort fellsråd.
Vi legg vekt på å skape ein uformel og triveleg gruppestemning der folk kan trene etter eige evne. Nokon må trene rolig og andre kan velge høgt tempo.
Du får instruksjon og vegledning som gjer ting lett å hugse,og skapar ei fokusert, trygg og munter stemning som gir mestringsglede.
Du treng ikkje vere spesielt sprek for å delta, men burde ikkje vere skada eller sjuke. Du vil opparbeide god kondisjon, styrke, fleksibilitet m.m gjennom treninga.
Du burde ha på ein form for treningsdrakt eller lause kleder som tåler litt rykking.
Stad; Treningslokalen på Ålstveit gard, Lykkjavegen 212, Hemsedal.
Treningsavgift for medlemmer kr.600,- Nybegynnerkurs (går over 5 veker) kr.600,-. Drop in kr.100,-
Når: Mandagar kl.1930 – kl.2030 Stad: Treningshallen på Ålstveit gard, Lykkjavegen 214 i Hemsedal.